Bygningsvern Telemark

Bygningsvern Telemark

 

Ei rådgjevingsteneste for eigare av verneverdige hus. Ynskjer du ei synfaring?

Bygningsvern Telemark er ei rådgjevingsteneste som:

  • tilbyr private eigarar av verneverdige hus ein gratis fyrstegongs synfaring med råd om tiltak.
  • tilbyr private eigarar av verneverdige hus informasjon om tilskotsordningar.
  • arrangerer kurs, samlingar og seminar for både huseigarar og handverkarar innan det tradisjonelle handverket.
  • arbeidar for å styrke det tradisjonelle handverksmiljøet gjennom å arrangere samlingar med fagleg innhald og å bidra til nettverksbygging.
    ynskjer å bidra til formidling av kunnskap om eldre byggjeskikkar og bygningskultur i Telemark

Vi tilbyr også våre tenester til kommersielle aktørar og til kommunar i Telemark mot betaling. Fyrstegongs synfaring for private huseigarar er gratis. Arbeid utover fyrstegongs synfaring og arbeid for kommunar og kommersielle aktørar fakturerast 850 kr/t. Køyregodtgjering etter statens satsar kjem i tillegg.